Kommunikasjonsrådgjevar
Emploi Norvège
Titre du poste : Kommunikasjonsrådgjevar
Entreprise : STATENS VEGVESEN
Description du poste : Om stillinga Vil du vere med å forme og utvikle korleis Statens vegvesen kommuniserer rundt nokre av dei største samferdselsprosjekta i landet? Då skal du søke på denne stillinga.Statens vegvesen skal sørge for å utvikle samfunnet vårt gjennom å skape trygge, effektive og berekraftige transportløysingar som får folk og varer fram. Utbyggingsdivisjonen sitt oppdrag er å planlegge og byggje dei største og mest komplekse samferdselsprosjekta i Norge.Det er stor merksemd og interesse rundt det vi driv med. Då trenger vi dyktige kommunikasjonsrådgjevarar som kan støtte divisjonen med å kommunisere ope og proaktivt om kva vi jobbar med, og korleis det påverkar folk.Du vil inngå i ein stab med 14 andre kommunikasjonsrådgjevarar, i tillegg til å jobbe på tvers med andre kommunikasjonsmiljø i etaten. Vi sit på ulike stader over heile landet og har eit solid og stort fagmiljø med stor variasjon i kompetanse. Vi er som eit fotballag og spelar kvarandre gode fagleg, og legg stor vekt på at vi skal trivast på jobben.Vi leiter etter deg som er nysgjerrig, proaktiv, likar høgt tempo og mykje ansvar. Du lar deg motivere av samfunnsoppdraget vårt, og set pris på god historieforteljing.Oppgåver du kjem til å jobbe mykje med:
- Presse- og mediehandtering
Utforming av pressemeldingar, planlegging og gjennomføring av pressemøter, utforming av svarberedskap, lesarinnlegg og kronikkar. * Kommunikasjonsstrategi-/planar og rammeverkStøtte til arbeid med kommunikasjonsplanar, malar, metodar som hjelper divisjonen til å kommunisere godt og i tråd med overordna føringar. * InnhaldsproduksjonProduksjon av innhald til nyhendesaker internt/eksternt, sosiale medium, annonser, brosjyrar, nærinformasjon og presentasjonar. * Foto og videoTa bilete og video av aktivitetane våre, og ha eigenskapar til å redigere enkle videosaker til bruk på nettsider og sosiale kanalar. * KommunikasjonsopplæringSette leiarar og medarbeidarar i stand til å lage og formidle bodskap på ein god måte (klart språk, medietrening, presentasjonsteknikk). * Kommunikasjonsrådgjeving-/og støtteKommunikasjonstøtte til planlegging av arrangement/større møteverksemd (vegopning, folkemøte, interne møter ved leiinga etc.) * Inngå i medievaktordninga vår (kl. 08-15.30 på hverdager)Kommunikasjonsoppgåvene du skal gjere er i hovudsak knytt til ein portefølje med vegprosjekt frå ulike stader i landet. Du må difor rekne med ein del reiseaktivitet i jobbenKompetansekravVi ser etter deg som helst har relevant utdanning på bachelornivå og god erfaring med både strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid. Erfaring og interesse for historieforteljing generelt, og samferdsleformidling spesielt, kjem godt med i denne stillinga.Vi ynskjer at du også har kjennskap til og forståing av offentleg forvalting og politiske prosessar. Du formulerer deg godt både munnleg og skriftleg, du tenkjer nytt, og du er flink til å samarbeide og skape tillitsfulle relasjonar. Samtidig må du vere sjølvstendig og strukturert i arbeidet og ha ein vilje til å stå og gå på.Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Kvifor skal du velja oss?Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.Vi tilbyr deg også desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.Arbeidsstaden din blir Vegvesenet sitt kontorbygg i Nygårdsporten i Bergen sentrum eller på Helsfyr i Oslo (merk i søknaden kva som er din føretrekte lokalisering). Løn blir avtala nærmare i samsvar med vår lønspolitikk. Testar og bakgrunnssjekkVi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen. Positiv særbehandlingStatens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen. Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.Har du spørsmål om stillinga?Kontakt kommunikasjonsleiar Arne Eithun, tlf. 970 55 223innan fristen 25. mai.Om bedriftenStatens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå – eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.SektorOffentligNettsted
Salaire attendu :
Localisation : Bergen, Vestland
Date du poste : Sun, 11 May 2025 22:25:58 GMT
Postulez dès maintenant !